onsdag 24. desember 2008

Refleksjon over blogg.

No er det jula ferie, og den skal eg nytta heima på Stord med familie.

Først vil eg berre sei at dette har vore eit kjempe kjekt halv år på HSH, eg trives utroleg godt i klassen, alle er så greie og hjelpsome. Julabordet var heilt konge!

Eg har likt å skriva blogg i år, det har vore spennades å setta seg inn i tema, som eg sjølv valgde. Men eg var litt treig å komma igong, var ikkje så lett å finna seg eit tema. Men når eg først blei ferdig med det førsta innlegget, så gjekk resten mykje betre. Eg vil ikkje sei at 5 innlegg var for mykje på denne tida, men med GLSM i 4 veker,og praksis. Så blei det ein del å gjera på slutten, så kansje 4 innlegg hadde vore litt betre. Men eg skal ikkje klaga, at det blei ein del å gjera i november, kan eg kun takka meg sjølv. Eg kunne ha starta tidlegare, hehe.

Men eg synast at folk må væra flinkare å kommentera kvarandre, og gjera det tidlegare.

Ellers så har eg likt å skreve blogg og det har vore kjekt å lest andre sine. Og eg føler sjølv at eg har lært noko, som eg kan ta med meg ut i skulen.

God jul og Godt nyttår!

Ingen kommentarer: